Namn: Camilla Christensen

Alder: 22 år

Sivilstand: i eit forhold

Yrke: eigedomsmeklarfullmektig hos Krogsveen Moa

Bustad: Ålesund, opphavleg frå Holvik.

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at dei rundt meg har det bra.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida bruker eg å vere saman med vener, trene og slappe av med ein god film eller serie.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar pappa. Pappa har gjennom heile oppveksten stilt opp for meg uansett kva det skulle vere. Han har vore der under skulegangen min, gitt meg mange gode råd og støtta meg undervegs. Han har verkeleg hjelpt meg å realisere måla mine.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er den flotte naturen som vi har rundt oss.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Camilla fra Måløy er Ålesund sin toppmeklar.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville sett ein stoppar for all diskusjon rundt nedlegging av Holvik skule.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– NM i lacrosse 2016 på Austlandet. Det var sommar, sol, latter, vener og gangsperre. Dette var siste turneringa mi saman med lacrosselaget på BI Bergen og mi siste tid som leiar for laget.

– Kva har du på nattbordet?

– Nattbordlampe, mobilladar og boka «The Sell» av Fredrik Eklund.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Krogsveen.no, Finn.no, VG.no, Facebook.com, fjt.no og smp.no.

– Kva er meininga med livet?

– Eg har inga god forklaring på kva som er meininga med livet. Men det viktigaste for meg er å ha det bra og trivast med det eg gjer.