Namn: Jannicke Kvalheim Myrestrand Alder: 26 år Sivilstand: singel Yrke: brukerstyrt personlig assistentBustad: Blålida i Deknepollen

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er veldig oppteken av Redningsselskapet, fordi dette er en fantastisk hobby med fart og spenning. Det er alltid mange nye utfordringar, og det likar vi. – Kva gjer du på fritida? – Utanom Redningsselskapet likar eg å vere ute, fjelltur med telt og bål, skibakken, båtturar, tid med gode vener og mykje meir.

– Kven beundrar du? – Eg beundrer dei som har større utfordringer, handicap eller større diagnoser. Det er fascinerande korleis dei klarer å finne mykje større glede i dei små tinga i livet, og ofte verkar lykkelegare enn dei som har alt dei kan ønske seg.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det er heilt klart naturen. Vi er så heldige!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Klar for åpning av ny svømmehall i Måløy!

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Då ville eg sagt opp. Det må vere ein tung jobb i slike små kommuner.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Havfiskefestivalen blir berre betre og betre for kvart år. Gler meg til EM i sommar!

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet mitt har eg mobilen, ein stor stein, ein lampe, boka Flammehav og eit glas vatn.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Eg er innom NRK, fjt, p4, BA, Facebook og Instagram. Men ikkje dagleg. Er som regel den siste som får med meg ting.

– Kva er meininga med livet? – Det finnast inga meining, men eg trur mange rotar seg vekk i jakta på lykke. Framfor å nyte øyeblikka. James Frey sei "Meininga med livet er det du vil den skal vere." Eg trur ikkje det er vanskeligere enn det.