Namn: Kato Hovlid

Alder: 30 år

Sivilstand: i eit forhold

Yrke: styrmann

Bustad: Ålesund for øyeblikket, men er frå Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av friluftsliv, natur og det å halde seg i aktivitet. Å kome seg ut i naturen, spesielt opp i fjella, er terapi for kropp og sinn.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida går som sagt med til ein del friluftsliv. Elles er eg mykje med vener og kjære.

– Kven beundrar du?

– Generelt beundrar eg imøtekomande, blide og positive folk som kjempar og står på, og då kanskje spesielt ei som ventar på meg der heime i land. Ut over det kan ein vel seie at ein ser opp til besteforeldre og foreldre som alltid har stilt opp. Trur eg trygt kan prate på vegne av alle oss etterkommarane og påstå at dei har vore gode rollemodellar og er høgt verdsett.

–  Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Stadt er vel den storslåtte naturen. Stor variasjon frå bygd til bygd og med eit hav av moglegheiter, bokstavleg tala. Folket på Stadt er inkluderande og er fulle av stå-på-vilje, gode eigenskaper når ein er frå små kår.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– No i desse kommunesamanslåingstider må vel overskifta bli: Med blanke ark, opne kort og etter gi og ta prinsipp, har kommunene no blitt unisont einige om samanslåing.”

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag ville eg ha haldt ei gründermesse, samla næringsliv og nytenkjande/nyskapande gründarar for å skape betre moglegheiter og tilrettelegging for samarbeid på kryss og tvers av regionen og regionane.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Av dei eg kjem på i farta må vel Kystfestivalen i Kalvåg, the Tall Ship races i Måløy, Malakoff på Eid, Sommarfesten på Giske, Jugendfest i Ålesund og sjølvsagt skodespelet "på Sverdeggja" på Stadt vere av dei kulturopplevelsane eg hugsar best.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobiltelefon som alarm. Nok med ein ting som kan slingre ned frå nattbordet ettersom ein er mykje på havet på jobb.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Fjt.no, VG.no, smp.no og det som elles måtte dukke opp av nyheiter her og der.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet kan vel vere litt opp til kvar enkelt, mykje av meininga skaper ein vel sjølv.