Namn: Torstein Ask Alder: 26 årSivilstand: EinslegYrke: HMS–sjef Elkem Bremanger Bustad: Svelgen

– Kva er du mest oppteken av? – Sjølvsagt at familie og vener har det bra og er friske og raske. I tillegg er eg oppteken av å kunne bidra i samfunnet.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida blir brukt på familie, hunden, fotball, fisking og turar i skog og mark. Alle feriar blir brukt på sommarhuset i Bremanger.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar alle eldsjelene rundt om, som får små bygder (eksempelvis Svelgen) opp og fram. Utan desse hadde vi aldri hatt alle dei tilboda vi har i dag. Dette er folk som ofte set andre framfor seg sjølv.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det må bli en kombinasjon av alle dei trivelege folka som bur her, og den vakre naturen som er rundt oss.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Elkem Bremanger utvidar - 250 nye arbeidsplassar!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Først ville eg satt av midlar til å fullføre stien opp til Hornelen, deretter ville eg spikra planane om et nytt 25 meters basseng i Svelgen. Dagen skulle blitt avslutta med privatkonsert med Spik Adel, om ordførarar kan bestemme slik?

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Hm, Malakoff 2016?

– Kva har du på nattbordet? – Telefon, radio, hjelm, vernebriller og ørepropper.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – fjt.no og VG live.

– Kva er meininga med livet? – Å le og smile dobbelt så ofte som ein er sint, sur eller lei seg.