Namn: Cindy HoddevikAlder: 24 årSivilstand: sambuarYrke: hjelpepleiarBustad: Bonndalen i Ørsta, men kjem frå Selje

– Kva er du mest oppteken av? – Er engasjert i alt som omhandlar mine to små born og jobben min.

– Kva gjer du på fritida? – Det vesle eg har av fritid går med på ungane mine og studiet som eg tek. Fordjuping innan alderspsykiatri og demens.

– Kven beundrar du? – Mamma og pappa, dei tøffaste eg veit om.

–  Kva er det beste med heimstaden din? – Havet! Å ikkje ha tilgang på det er eit stort sakn.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Bygginga av tunellen startar NO.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Teke ein fridag? Det er ikkje ein jobb eg kunne tenkt meg.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Det må vere Dragseidspelet.

– Kva har du på nattbordet? – Vatn, ei lampe og vekkerklokke.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Sosiale medier, VG, Yr og mailen min.

– Kva er meininga med livet? – Å utføre noko godt for andre, kvar dag!