Namn: Kristine Solevåg-Hoti

Alder: 25

Sivilstand: gift

Yrke: flyktningkonsulent NAV Selje

Bustad: Selje, men kjem frå Ålesund

– Kva er du mest oppteken av?– Flyktningkrisa og måten vi tek i mot våre nye landsmenn på. Fordi eg har eit brennande ynskje om at flyktningane som kjem til Norge blir godt tatt i mot og inkludert!

– Kva gjer du på fritida?– Alt frå surfing, volleyball og styrketrening til oljemaling og matlaging.

– Kven beundrar du?– Mannen min! Han er mi største inspirasjonskjelde i livet. Han gjer ingen dagar til «kvardagar»! Ein god toar må vere Mahatma Gandhi for hans «ikkje-valdsfilosofi» både ovanfor menneskjer og dyr.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Ålesund eller Selje? Begge plassane har eventyrlege naturopplevingar rett ved havet. Vinden, bølgene og folka... Elskar eg!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?– Be ein flyktning på middag! Gjerne ein vegan-middag!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Satt i gong miljøtiltak! For eksempel forbetre kollektivt transporttilbod, og innført «kjøttfri måndag»! Og finpussa parken i Selje.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Menneska på Fiji, måten dei tok vare på kvarandre, dyra og naturen.

– Kva har du på nattbordet?– Ei gul lampe, og ein bok som heiter Yogafilosofi for hjertet.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Youtube «Happy Pear», nrk.no og vegetarmat.org.

– Kva er meininga med livet?– Eg trur at livet er ei eventyrlig reise som må levast for å opplevast. Her og no!