Namn: Steffen Sande

Alder: 23 år

Sivilstand: forlova

Yrke: industrirørleggar

Bustad: vakre Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av gutungen min, større solstråle finn du ikkje. Det beste i livet er når du kan få sjå ungane dine vekse opp på ein trygg og omsorgsfull måte. Ingenting er betre enn å komme inn døra å sjå smilet gå frå øyre til øyre fordi pappaen kjem heim frå jobb.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida pussar eg opp huset vårt, og så tilbringe eg tida med fruen og gutungen.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar kjærasten min. Ho har vist seg å vere det sterkaste og mest kjærlege mennesket eg veit om. Ein bauta i livet mitt.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min må vere friheita og tryggleiken i bygda vår. Alle som bur på Stadt er veldig omsorgsfulle, og plassen er eit lite stykke paradis, rett og slett!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Endeleg kjem det ny veg i Årsheimstranda!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Ville prøvd å utføre alle punkt som er viktig for at kommuna skal fungere for oss som bur her og for dei som bør flytte hit.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må vere då eg var i Finland på festival og såg kompisen min opptre på Weekend festival.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil og ein lampe

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook og mail.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å leve i saman med dei ein har nærmast i livet, og ta vare på alle andre! Det er dessverre ikkje alle som har det like godt som oss. Det er viktig å strekke ut ei hand til dei som treng det og å ikkje berre tenke på seg sjølv.