Namn: Håkon Giil Solheim

Alder: 28 år

Sivilstand: singel

Yrke: offshore-arbeidar

Bustad: Måløy

– Kva er du mest oppteken av?

– At vener og familie skal ha det bra. Når dei har det bra er eg glad.

– Kva gjer du på fritida?

–  På fritida er eg med vener og driv litt med dykking.

– Kven beundrar du?

–  Eg beundrar foreldra mine. Dei har stilt opp for meg og søskena mine i godt og vondt. Kunne ikkje levd utan dei.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Naturen, veiret og det lokale engasjementet.

– Kva hadde det stått på di framside av Fjordenes Tidende?

–  Ny storsatsing i Vågsøy skaper nye arbeidsplassar, og oppstart av ytre kystveg Måløy-Florø.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

–  Hørt på innbyggjarane og auka bemanninga i helse- og omsorgstenesta.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Første gong Måløy Havfiskefestival blei arrangert. Det var lagt ned mykje arbeid i den, til og med reklamering av festivalen i Lofoten. Gløymer aldri det smilet eg hadde rundt munnen då festivalen var over.

– Kva har du på nattbordet?

–  Nattlampe, mobil og eit glass vatn.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

–  Nyheitssider og youtube.

– Kva er meininga med livet?

–  Meininga med livet er å ha eit smil rundt munnen oftast mogleg!