Navn: Lisa-Mari HamreAlder: 28 årSivilstand: sambuar, tre bornYrke: sal og logistikk i Arctic LinefishBustad: Flatraket

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er mest oppteken av at dei rundt meg har det bra. Familie og vener er gull verdt.

– Kva gjer du på fritida?– Som småbarnsmor brukar eg naturlegvis mykje av fritida mi saman med borna mine, og på ulike aktivitetar som dei er med på. I tillegg er eg glad i å trene, og ikkje minst å vere sosial med vener.

– Kven beundrar du?– Eg er så heldig at eg har to flotte bestemødre i livet mitt som eg beundrar av heile mitt hjerte. Dei er mine store førebilete begge to. Dei stiller opp uansett kva det måtte vere, og dei har alltid tid til meg og mine. Det set eg stor pris på.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min er uten tvil folka som bur her. Eg er tilflyttar og kjem opprinneleg frå Selje. Eg trudde aldri at noko kunne måle seg med staden eg vaks opp, men Flatraket er heilt fantastisk i likhet med Selje. I tillegg til flotte sambygdingar så må eg nemne den vakre solnedgangen vi har her. Den er magisk!

– Kva hadde det stått på di framside av Fjordenes Tidende?– På mi framside av Fjordenes Tidende hadde det stått: Kygo varmar opp for Vassverkgutane på Flatraksfestivalen!

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?– Om eg var ordfører for ein dag så trur eg ikkje at eg hadde fått utretta så mykje. Men eg ville kanskje ha tatt meg en kaffi saman med ordføraren i Vågsøy og godsnakka litt om kommunesamanslåing.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Denne var enkel. Utan tvil 17. mai 2017 då dottera mi og dei andre flinke aspirantene her på Flatraket spelte saman med resten av Flatraket Skulekorps for første gong med heile bygda som publikum. Vi er heldige som har så flinke musikantar her i bygda, dei skapar mykje glede for oss alle.

– Kva har du på nattbordet?– På nattbordet har eg ein lampe, mobil og ein smokk. (Den er ikkje min!)

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Dagbladet, Fjt og Facebook.

– Kva er meininga med livet?– Eg vil tru at meininga med livet må vere å leve akkurat slik en ønsker. Å gjere ting som gjer ein lykkeleg rett og slett.