Namn: Børge Vemmålsvik

Alder: 21 år

Sivilstand: singel

Yrke: soldat

Bustad: bur i Bardufoss, men heimstaden er Deknepollen

– Kva er du mest oppteken av?

– For tida er eg mest oppteken av kommunesamanslåing, fordi eg meiner at ved så store forandringar burde lokalbefolkinga ha meir å seie enn politikarane.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi slappar eg av med ein film eller trenar.

– Kven beundrar du?

– Den eg beundrar aller mest er mor mi, fordi ho er like hjelpsom og blid uansett kva dag det er.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden er naturen. Det er ingenting som kan slå ein tur på fjellet med norskekysten som utsikt.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi framside av Fjordenes Tidene ville det stått at det var spådd strålande vêr heile sumaren.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Som ordførar for ein dag ville eg stemt for at Vågsøy slår seg saman med Selje og Eid.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg hugsar best Måløydagane i fjor. Fantastisk vêr og mange gode opplevingar.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet ligg telefonen min og gjerne ei god bok.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er som oftast innom Facebook og sjølvsagt fjt.no.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å oppleve og skape minner for resten av livet.