Namn: Daniel Gjerde

Alder: 17 år

Sivilstand: singel

Yrke: akkurat ferdig på vg1

Bustad: Halsør

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er mest oppteken av familien, vener og lastebilar.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar pappaen min, fordi han er førebilete mitt og alltid stiller opp dersom det er noko.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min er den flotte naturen vi har rundt oss.

– Kva hadde stått på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Klart for utbetring av vegar i Vågsøy.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Då ville eg ha bestemt at det skulle blitt lagt ny asfalt i Nord Vågsøy.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Det må vere Bruce Springsteen konserten eg var på i Oslo.

– Kva har du på nattbordet? – Mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, instagram, snapchat, Nrk og Fjt.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er at alle skal ha det bra.