Namn: Karoline SkåreAlder: 28 årSivilstand: sambuarYrke: kassadame på RemaBustad: i vakre Holvik– Kva er du mest oppteken av? –  I januar fekk eg mitt første barn og det er han som står i sentrum akkurat no. Eg er oppteken av at han skal ha det bra.

– Kva gjer du på fritida?–  Grunna mammaperm går mesteparten av tida til sonen min, oppussing av hus, vener og familie.

– Kven beundrar du?–  Eg beundrar foreldra mine og svigers som alltid stiller opp, og som har hjelpt oss mykje i huset.

– Kva er det beste med heimstaden din? –  Det beste med heimstaden min, Olden, må vere den nydelege naturen og synet av alle cruisebåtane.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? –  Kjøpesenter i Polljen står ferdig i 2018.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? –  Eg hadde slått Vågsøy, Selje og Eid saman til Nordfjord kommune. Og så ville eg ha behelde småskulane.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? –  Det må vere julekonsert med Helgesenkoret.

– Kva har du på nattbordet? –  Nattlampe, smukk, brille, babycall og bamse med lys og lyd.

– Kva nettstadar er du innom iløpet av ein dag?–  Instagram, facebook, fjt, fjordingen, nrk/sfj.

– Kva er meininga med livet? –  Å vere lykkelig med sine, kunne vere seg sjølv og bli akseptert for den ein er.