Namn: Celine Constance EndalAlder: 21 årSivilstand: i eit forholdBustad: Volda, men kjem frå ÅheimYrke: student ved Høgskulen i Volda, deltid på Spar Åheim

– Kva gjer du på fritida? – På fritida mi er eg for det meste ilag med kjærasten min, tanteungane mine, familie og vener.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar mor mi, Heidi Endal. Fordi ho har ei slik ”stå-på” vilje som ingen andre har, og fordi ho er knalltøff. Det finnast ingen slik som ho.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste med heimstaden min er at det er ein trygg og god plass å vekse opp og bu. I tillegg er det ei samansveisa bygd med fantastiske folk og omgjevnader.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? Fritt val av vidaregåande skular, uavhengig av fylkesgrenser.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Om eg var ordførar for ein dag ville eg tatt meg ein fridag. Det trur eg ordføraren treng.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Musikalen ”Evig ung” som eg og mine klassekameratar synte fram som avgangselevar på ungdomsskulen.

– Kva har du på nattbordet? Nattbordslampe, ein grøn plante, ei bok og eit bilete av meg og kjærasten i London.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? Synste Møre, Fjordenes Tidende, Sunnmørsposten, VG og Facebook.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er å være omgitt av menneskjer du er glad i, og å vere lykkeleg.