Namn: Sandra Yvonne Ervik

Alder: 23 år

Sivilstand: kjæreste

Yrke: Store Manager Trainee ved JYSK Ålesund

Bustad: Ålesund, men kjem frå Stadlandet

– Kva er du mest oppteken av?

– No for tida er det veldig mykje jobb då den krev mykje av tida mi. Eg er i ein krevjande, men svært spennande periode som butikksjefslærling/assisterande butikksjef.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg prøvar å reise heim til familien min på Stadt så ofte eg kan, elles er eg mykje med kjærasten og venane mine her i Ålesund.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar familien min. Vi har eit utruleg sterkt band mellom oss, og alle er der for kvarandre uansett kva. Farmor, farfar, pappa, mamma og min bror Rune, personar som for meg er uerstattelege.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Honningsvågen er ein fantastisk stad å vekse opp på, og utruleg godt å kome heim til. Det er trygt, idyllisk og naturen viser seg frå sine aller beste sider, ved alle årstider.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Ny veg til Honningsvåg har no åpna.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Forbedra eldreomsorgen, våre eldre fortener betre.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det må bli Malakoff 2017. Fantastisk vêr, dei beste artistane, bading i nordfjorden rett fra båten med familien og fantastisk stemning heile opphaldet med vennegjengen frå Ålesund.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobilen.

 – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Diverse aviser og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Å huske å ta vare på kvarandre, og ikkje minst lytte til kvarandre. Å kunne sjå på heile livet som ei reise, og ikkje kun fokusere på å komme seg til målet. Heile vegen og livet er ei reise, og ein skal føle ein har levd livet på vegen, med dei ein bryr seg om.