Namn: Kenneth Seljen

Alder: 31

Sivilstand: sambuar, to barn

Yrke: matros

Bustad: Moldefjorden

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av at Selje Hotel kjem tilbake, slik at vi slepp å sjå på brannruinane.

– Kva gjer du på fritida?

– Det er alt mogleg frå fiske til fotball, litt politikk.

– Kven beundrar du?

– Sambuaren min, for ho er så herleg.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden er utsikta. Det er so fantastisk fint når sola går ned.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På framsida at Fjordenes hadde det stått at Scandic bygger nytt hotell i Selje.

–  Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Om eg var ordførar for ein dag, ville eg ha tatt med meg alle på eldretunet ein tur på Alex på middag.

–  Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Ein Riga-tur med kompisane.

–  Kva har du på nattbordet?

–  På nattbordet har eg ingenting. Eg har ikkje nattbord.

–  Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– NRK Sogn og Fjordane, VG.

–     Kva er meininga med livet?

–  Meininga med livet er å leve livet.