Namn: Johanne Karin Hildenes HjelleAlder: 38Sivilstatus: gift Yrke: helsesekretær, Eid LegekontorBustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?

Eg er mest oppteken av å ta vare på familien og helsa mi.

– Kva gjer du på fritida?

– Med tre aktive ungar og ein mann som er mykje vekke, blir det ganske hektiske veker. Eg elskar å vere på fjellet, gå fotturar om sommaren og skiturar om vinteren, og aller kjekkast er det når heile familien er med. Likar også veldig godt å vere saman med gode vener.

– Kven beundrar du?

– Eg har alltid beundra mor mi Jane, som dessverre gjekk bort so altfor tidleg. Ho var ei blid, sprudlande og engasjert dame, som alltid tenkte på andre før seg sjølv, og som alltid var positiv.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Eid er at det er ein trygg og god stad å vekse opp og leve på. Her er eit mangfaldig tilbod både innanfor idrett, kultur, natur og opplevingar. Eg trivast veldig godt her!

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– «Alle kommunane i Nordfjord er samde om å sjå seg saman til Nordfjord kommune»

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Vedteke ei halvering av talet på kommunale møter, slik at mannen var litt meir heime, hehe.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er finalen i Mgp Jr 2016 i Oslo Spektrum. Å sitje på fremste rad og sjå døtra mi Vilde, og venninna hennar Anna vinne med songen Vestlandet, er ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme.

– Kva har du på nattbordet?

Der har eg ein lampe, ein Otrivin nasespray og mobilen min.

– Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er innom NRK SF, Fjordabladet, FjT og VG.

– Kva er meininga med livet?

– Eg var alvorleg sjuk for nokre år sidan, og då fekk eg ganske god tid til å filosofere over akkurat det. I den grad det kom noko godt ut av sjukomen, so er det at eg har blitt mykje flinkare å setje pris på dei viktige tinga her i livet, og ikkje bry meg om ting som ikkje er viktige. Meininga med livet trur eg må vere å finne sine eigne vegar, ha det godt med seg sjølv, og vere saman med dei ein er glad i.