Namn: Hans Joachim LilandAlder: 29 år Sivilstatus: singelYrke: kokekyndig matros og ROV-operatør på servicebåt i oppdrettsnæringaBustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er meget interessert i sjøliv og fartøy, det har eg eigentleg vore sidan eg var liten. Og der har eg jobba sidan eg gjekk ut av vidaregåande.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida går med til å vere med venner, oppussing og slike ting.

– Kven beundrar du?

– Hehe, sidan eg er singel, så har eg eigentleg ikkje nokon spesielt beundringsverdig person eg beundrar, sånn sett.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden er vel at vi er ein god vennegjeng samla, nært til familie og slektningar, og at det er ei bygd ut ved havet i vekst.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi framside ville det stått at tunnelbygginga av Stad skipstunnel har starta.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Hehe, det er vel ikkje så mykje ein kunne gjort som ordførar for berre ein dag. Men eg hadde kanskje lagt litt meir til rette for skipstrafikk og fått sett opp eit nytt hotell i heimbygda.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff er no gode kulturopplevingar som eg har delteke på nokon gongar når eg har vore heime frå sjøen.

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet ligg vel det som det gjere med alle andre, så det er mobilen og eit glas vatn etter ein fest, hehe.

Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

– Nettstadar eg besøker om dagen er som regel Facebook, Snapchat og finn.no.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet ja, det var det då. Nei, det er vel berre å nyte det medan det føregår, og få oppleve og få vere med på spennande ting.