Namn: Alexis Anne Morken

Alder: 39 år

Sivilstatus: gift

Yrke: dagleg leiar på Hove Aktivitetssenter i Selje

Bustad: Almenningen i Vågsøy

- Kva er du mest oppteken av?

- Familie er superviktig. Sidan eg er gift, er eg oppteken av at eg og mannen min trivast i lag. Om vi gjer det, fungerer vi betre som foreldre til ungane våre. Om familielivet er bra er det lettare å vere ein god nabo og god i jobben min.

- Kva gjer du på fritida?

- Eg er hjelpeleiar for barnekoret Tusenfryd. Så er eg med i ein liten hobbyklubb der det går mest i handarbeid, eg høyrer på podcast og lydbøker når eg pendlar. Familien vår likar å gå på tur og har geocaching som hobby, og så er vi med på forskjellig kristne samlingar.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar mest dei som er flinke til det eg kanskje slit med. For eksempel, folk som er tolmodige der eg stressar, eller folk som er flinke til å halde ting ryddig og organisert. Så er det lett her vi bur å bli oppteken av ting vi har, og kor godt vi har det. Då beundrar eg for eksempel misjonærar som har gitt opp det meste for å tene andre.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det er stilt og fredeleg, omringa av fin natur, men ikkje så langt unna skule og butikk og slikt.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Kanskje noko om kvardagsheltane som er rundt omkring. Frivillige arbeidarar, dei som gjev det vesle ekstra i jobbane sine for å gjere det kjekkare å bu her vi bur.

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- A la Skomakergata, sørge for at alle i Vågsøy kommune får ein gratis smultring til jul. Nei da, eg har stor respekt for ordførarjobben, den er vanskeleg.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Som collegeelev var eg på sjølvguida tur i Auvers-sur-Oise, landsbygda der Vincent van Gogh budde og er begravd.

- Kva har du på nattbordet?

- Lypsyl og mobil til vekkarklokke. Eg klarar ikkje å lese i senga, sovnar ganske kjapt.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Facebook må eg på for å ha kontroll over kva som skjer med alle aktivitetane og skuleklassene til ungane. Og så har vi ei Facebook-side for Hove Aktivitetssenter som eg styrer. Elles sjekkar eg Yr.

- Kva er meininga med livet?

- Eg siterer frå bibelen, Markus 12:30-31 (LB) ”Du skal elske Herren, din Gud, av hele ditt hjerte, av hele din sjel, av hele din forstand og av hele din kraft”. Det nest viktigaste bodet er: ”Du skal elske dine medmennesker som deg selv! Ikke noe bud er viktigere enn disse to.”