Namn: Johnny Røys

Alder: 34 år

Sivilstatus: forlova

Yrke: vedlikehaldsansvarleg, Elkem Bremanger

Bustad: Svelgen

- Kva er du mest oppteken av?

- Som far til to små, så handlar mykje om at dei skal ha det bra. Det er svært spennande å sjå kor fort dei utviklar seg og stadig lærer nye ting.

- Kva gjer du på fritida?

- Tid med familien er høgt prioritert, elles likar eg å vere ute og tek gjerne ein tur på ski.

- Kven beundrar du?

- Både i bygda og i kommunen har vi svært mange gode kandidatar, men eg ønskjer å trekke fram Kåre Myklebust for innsatsen som har vore lagt ned i Svelgen sentrum. Her har det skjedd mykje dei seinare åra.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Her har vi umiddelbar nærleik til både hav og fjell, kombinert med mykje kjekke folk og ein utruleg spennande arbeidsplass.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Bremanger kommune mest fram på folketalsutviklinga

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Då ville eg fått i gong utbygging av veg og infrastruktur til bustadområdet på Langeneset. Ein opplever at det er mange som ønskjer å flytte heim, men tilgang på tomter er så godt som fråverande.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Som medarrangør har eg mange gode minne frå Sirkus Bremanger. Dette var eit veldig flott prosjekt der eg fekk jobba med svært mange dyktige personar. Som tilskodar må eg trekke fram konsertopplevinga i Vetvika for nokre år sidan.

-  Kva har du på nattbordet?

- Som regel telefonen og ei bok, akkurat no Opprinnelsen av Dan Brown.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

-  Nettavisen, lokalavisene/NRK sfj og Finn.no.

- Kva er meininga med livet?

- Å skape store og små augneblink som gir gode minne for ein sjølv og dei ein har rundt seg.