Namn: Rikke Runderheim

Alder: 19 år

Sivilstand: singel

Yrke: student

Bustad: Måløy

–  Kva er du mest oppteken av?

– Akkurat no er eg mest oppteken av skule, venner, familie og jobb. Tida framover er spennande, og skule er svært avgjerande for framtida.  Men det er òg veldig viktig for meg å bruke mykje tid på vennane mine og familien, og passe på at dei har det bra. Samtidig jobbar eg på Kulatoppen Omsorgssenter og Bakeriet Kaffebar.

– Kva gjer du på fritida?

– Skulearbeid, vere med vennane mine og trene når det lar seg gjere.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar min mormor. Grunnen til det er fordi ho alltid klarar å vere positiv uansett kva, og ho er ei sprudlande og snill dame.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min må vere den flotte naturen, dei flotte menneska og det spennande næringslivet.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Hmm, denne var vanskeleg. Kanskje «Måløyrussen får leige fleire lokale i Vågsøy»,  fordi i år har det vore utfordrande for oss å få tak i lokale.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville syte for at alle barn og unge i kommunen har aktivitetar dei kan drive med på fritida for å vere sosiale og aktive. For eksempel ein leikepark/skatepark, ein plass kor dei kan vere sosiale i lag og ha det gøy.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er veldig vanskeleg å velje mellom Malakoff Rockefestival 2017 og Jugend 2017. Begge festivalane hadde fantastiske artistar og eit dritbra opplegg.

–Kva har du på nattbordet?

– Vatn, mobil og lypsyl

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Vg.no, netflix.com og nelly.com. Og så sjølvsagt Snapchat og Instagram, om desse blir rekna som nettsider.

– Kva er meininga med livet?

– Dette er det vanskelegaste spørsmålet eg får. Eg vil seie at meininga med livet er å leve 100 prosent som seg sjølv, og vere med  mennesker som gjer deg lykkeleg.