Namn: Stine Fylling Silden

Alder: 30

Sivilstand: gift

Yrke: sjukepleiar

Bustad: Selje

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er generelt sett veldig oppteken av både menneske og dyr. Synest det er spesielt viktig å vise omsorg og ta vare på dei som er sårbare og ikkje kan stå opp for seg sjølv.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg går i fjellet, engasjerer meg i aktiviteter med ungane, er med vener og nyter livet.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar besteforeldra mine fordi dei levde opp under mykje hardare kår enn vi er vane med. Dei er flinke til å ta vare på tradisjonar, gjenstandar og kvarandre. Eg synest også at dei er meir takknemlege for livet og kvardagsgledene sjølv om dei har måtta jobba hardt opp gjennom åra.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Fjella, sjøen og samhaldet. Vi har det utruleg flott sjølv om Selje er ei lita bygd (i vekst). Dugnadsånda er stor uansett kva det måtte gjelde. Dette påverkar felleskapen positivt. Ungane våre veks opp på ein trygg stad der dei kan bruke naturen som sin leikeplass.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– «Arbeidet med Stad skipstunnel, fleirbrukshall og Selje Hotell er no begynt på». Det var vel eit lite overraskande svar frå ein Seljeværing?

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville utan tvil arrangert ein rundtur for alle dei eldre i kommunen vår slik at dei fekk besøke både Vestkapp, klosteret, Hoddevika, Ervika, ytre Fure og Årdalen med full kost og losji! Eg hadde også vedtatt at bemanninga innan helse- og omsorgstenestene vart freda på livstid.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Mest truleg Sensation i Amsterdam, 2008.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, nattlampe og handkrem.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– VG, FjT og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Leve livet her og no. Det er dumt å angre på noko vi «skulle gjort». Ver snill og grei mot andre, og skap mange gode minner ilag med dei du bryr deg om. Eg trur meininga er å gjere det som gjer deg lykkeleg.