Denne kommentaren er skrevet av Arnfinn Kolerud og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 8. januar.

Det er berre fire av oss i landet. Oppdraget vårt er å lese alt som kjem ut av norske barne- og ungdomsbøker. Det er ikkje få, må du tru. Det er ein einsam jobb, i ein god stol, ved ei tolmodig stålampe.

Dei tre andre i vurderingsutvalet kan ha andre favoritter, men for meg er dette tre av høgdepunkta for barnebokåret 2015:

Mange små vil kjenne seg att i boka «Gratulerer! sier Nora» av Irene Marienborg. Nora skal i bursdag til Filip. Ho kjøper presang i lag med mor, men når ho kjem i selskapet vil ho ikkje gi frå seg pakka. Det er min plastelina, sier Nora. Det står berre ei setning eller to på kvar side. Tekst og bilde held barneperspektiv. Dei vaksne ser vi berre frå knea og ned. Marienborg skriv godt om sterke kjensler i små kroppar.

Aller best liker eg Alexander. Ein vinterdag spør Eva: Skal vi to vere kjærastar? Alexander svarer: Til sommaren, kanskje.

God bok!