Denne leiaren er skriven av redaktør Erling Wåge, og stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 13. september:

På kysten er det mange som er kritiske til at dersom det blir problem med ei ferje i indre Nordfjord, så er det kysten og sambandet Måløy-Oldeide-Husevågøy som blir straffa og som blir nærast stengd.

Einaste måten å komme seg over Nordfjorden i ytre var med hurtigbåt som ikkje har plass til bilar. Heile denne søndagen låg det ei reserveferje i Måløy som ikkje vart teken i bruk. Bilferja Sognefjord låg fortøya like ved ferjekaia i Måløy medan dei som skulle reise mellom Vågsøy og Bremanger måtte reise med passasjerbåt utan bil. Alternativet for enkelte kunne vere å køyre om Stårheim-Isane.

Er reisande i ytre Nordfjord mindre verdt enn reisande i indre? Blir dette løysinga dersom det blir nye problem på ferja som går mellom Lote og Anda? Har ikkje Fjord1 beredskap nok til å bemanne reserveferjene sine som ligg ved kai?

Og igjen: kvifor er det folk i ytre, folk på kysten, som må ta problema når det blir stans i indre Nordfjord? Hadde det i tillegg blåse kraftig vind og Måløy-brua hadde vorte stengd, så hadde folk på Vågsøya vorte isolerte.