Terese Gjerde, Nestleiar i oppvekst- og kulturutvalet for Vågsøy Arbeidarparti, har skrevet dette innlegget:

Arbeidarpartiet: Ingen «kvasiløysing»

Det er kjempeflott at det kjem forslag om å få til eit meir levande torg i Måløy sentrum. Fleire parti ynskjer dette, og Vågsøy Arbeidarparti har i fleire tilfelle stått i spissen for det. Når Geir Oldeide kallar forslaget frå Ap og formannskapet ei «kvasiløysing», er det behov for å rettleie litt. Forslaget til Arbeidarpartiet som vart fremma i formannskapet 9. juni 2016 er:

«1. Ramma som Vågsøy kommune har sett av til prosjektet (NOK 750.000) blir nytta til mindre installasjonar i sentrumsområde. 2. Sentrumsplana har allereie peika på slike område, og vil vere eit utgangspunkt, men ikkje vere til hinder for andre område. 3. Administrasjonen legg fram for OK eit forslag etter ramma gitt i punkt 1 når ein har utarbeida dette.»

Det har i lang tid vore forsøkt å finne ei passande plassering for klatreparken. Problemet har vore å finne ein god plassering som i tillegg er sentrumsnært. Vi heldt oss til ramma som rådmannen hadde lagt inn til klatreparken. På torget er det ønskjeleg å få til noko på, men ein klatrepark der meina Ap fort kan verte kostbart. Klatreparken som Vågsøy kommune ønskjer å byggje er ein klatrepark ein festar ved å grave ned stolpane i jorda og etterfylle med stein. Om ein skal gjere noko slikt på torget, må ein grave vekk dei steinane/flisene som er lagt der eller grave opp betongen alt etter kor ein ønskjer å plassere den. Eventuelt er det truleg mogleg å støype fundament og feste den i. I alle høve er dette noko som blir meir kostbart enn å setje den opp slik ein opphavleg ville gjere.

Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har vedteke at alle kommunar i Sogn og Fjordane kan få 250.000 kroner kvar i gåve for å byggje slik klatrepark. I tillegg kan ein søkje tippemidlar for inntil 300.000 kroner. Dei har ikkje sett tidsfrist på gåva. Krava for pengegåva til klatreparken er at ein må ha eit område på 250 kvadratmeter, og parken må stå der i minimum 20 år for å behalde gåva. Så for oss er dette langt ifrå noko «kvasiløysning». Dette er det vi meina er ei god løysning kor vi kan få til noko no, og utan at det vil koste for mykje pengar. Å bruke torget og parken til nokre av desse leikestasjonane er absolutt noko vi ønskjer.

Torget er også ein vêrhard plass. Det har vi sett år etter år med juletreet som ramla over ende etter kort tid. Klatreparken er på det høgaste 6,5 meter høg. Dette kan fort bli problematisk, vinden tar godt på torget. I sist formannskapsmøte vart forslaget fremma av Frode Kupen (Ap) samrøystes vedtatt. Etter behandling i kommunestyret vert det bestemt å utsette saka på nytt for å sjå på andre alternativ. Endå eingong.

Eg håpar at vi som folkevalde kan få til eit flott sentrum kor vi også satsa på barn og unge, men vi må ta avgjersler, og vi må samarbeide. Det handla ikkje om kven som kjem med forslaget, men kva vi kan få til saman. Ap meina at dette er ei god løysing for sentrum no. Så kjem sentrumsplana med ulike forslag til sentrum om ikkje så altfor lenge. Klatrepark kan vi få til på eit seinare tidspunkt, for tida er verken økonomi eller plassering på vår side.