Dette innlegget er skrevet av Johan Sigdestad og sto på trykk i Fjordenes Tidende fredag 28. august.

Ettersom sommaren no er på hell, og truleg det meste av festivalar og liknande, er unnagjort, står det no att noko dei kallar valkamp.

Det er noko som går att, med visse mellomrom, noko liknande det som før vart kalla slaktetida, og emissærar tok til med turneane sine, i von om å få omvendt flest mogleg.Likskapen er: Om de høyrer på meg, skal alt verta berre velstand. Dette er soleis ein gjengangar, som har vore «servert» i årevis, og folk har «bite på», gong etter gong.

For å nå best mogleg resultat, held dei noko dei kallar «stand». Då vert det delt ut godbitar, og dei tek på seg kleplagg med partinamn på.

Lurer på kven som betalar. Trudde alt dette, ikkje var om å gjere.

Har dei gjort noko prisverdig på «tinget», har truleg folk merka det. Der er det ting skal gjerast, og soleis vise at dei har både framsyn og evne til å få ting gjort. Det er trass alt på frukta, treet vert vurdert, og ikkje etter blomstermengda.

So er «toppane» våre veldig opptekne av å slå saman flest mogleg herad, på fint kalla kommunar. No sparing er so om å gjere, vil det vera både sparande og kortare «hurtigare» å bruka den norske nemninga.

Mitt råd i denne saka er difor: Slå saman heile landet, då kan ingenting verta større og betre, og alt av vanskar er «trylla» bort for evig. Då vil vi og vera i den åttande himmel, i staden for berre den sjuande.

Vi vil og vera trygge på ein plass i Guinness. So kvifor vere stor, når ein er lukkeleg som liten?