Dette innlegget er skrive av Jorunn Frøyen (H), som er vara til kommunestyret i Bremanger. Innlegget stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 19. februar:

I etterkant av kommunestyremøtet den 11. februar der Ap, Sp og KrF, med 14 mot 9 røster, avgjorde at Bremanger kommune ikkje ein gong vil forhandle ein intensjonsavtale med nabokommunane om ein storkommune på kysten, har der kome mange negative reaksjonar frå politisk hald i nabokommunane i avisene, på sosiale medier, og sist, men ikkje minst, frå eit stort tal innbyggjarar i kommunen, og det uavhengig av partitilknyting!

Og kva går desse reaksjonane ut på? At det politiske fleirtalet i Bremanger «klamrar seg til masta» i denne saka og ikkje ein gong vil forhandle om eit alternativ saman med nabokommunane, er eit dårleg signal både til innbyggjarane og omverda. Det er ikkje eigna til å skape optimisme, er lite framtidsretta, og verkar beint fram uansvarleg.

Bremanger kommune slit med folketalsutviklinga og seier sjølv at kommunen ligg langt føre dei andre i å førebu seg på eldrebølgja. Ein bruker ironisk nok begge deler som argument mot kommunesamanslåing. Det blir hevda at med kommunesamanslåing vil både tenestene bli dårlegare, arbeidsplassane færre og folketalet lågare enn altså alternativet der ein står åleine. Her blir logikken plagsamt fråverande.

Ein større kommune som rår over store deler av verdikjeda i teneste- produksjonen kjem altså til kort i høve til ein liten kommune, som er avhengig av andre kommunar for å kunne tilby viktige tenester. Dette er å tale mot betre vitande. Både næringsliv og folk flest etterspør mangfald, slagkraft og vekst. Bremanger sitt samfunnsansvar er å bidra med sine ressursar til å skape slik vekst på kysten.

Åleinegangsalternativet representerer solnedgangen, både for Bremanger og naboane. Ein stor kommune med ressursar til å løyse viktige samfunnsoppgåver, til å skape gode bu- og arbeidsområde, vil også få større makt i høve til å påverke sentrale mynde i viktige spørsmål som til dømes infrastruktur og samferdsel. For å nemne to viktige område for vårt distrikt. Skal vi vinne fram med kystveg og bru i ytre, må vi skape tyngde og vilje bak standpunkta. Det same gjeld for flyplassaka når den kjem på radaren att i 2018. Det same gjeld i kampen om statlege arbeidsplassar. Ein kan ta område for område der kysten har felles interesser.

Når ein vel strategi, må ein gjere ei risikovurdering i høve til dei alternativa som finns. Dei som har gjort seg til talsmann for å stå åleine har ikkje gjort dette på ærleg vis. Ein kan like eller mislike det, men sentrale mynde, både fylke og stat, meiner faktisk alvor i denne saka. Det er meininga at små kommunar skal slå seg saman. Når Bremanger og andre små kommunar vel å stå åleine saboterer ein reformarbeidet og ber om raudt kort. I Bremanger sitt tilfelle, står ein også i vegen for realisering av ein kystkommune som nabo-ane ønskjer.

Med strategien åleinegang gjer ein såleis rekning utan vert og utkome blir i røynda tvangssamanslåing. Det er å kaste blår i auga på innbyggjarane å velje eit nullalternativ. Politikarane i Bremanger skuldar innbyggjarane sine å utvikle eit best muleg alternativ til dagens, der ein saman med nabokommunane forhandlar om føresetnadane og søkjer å påverke der det er muleg. Det er tid for å vise leiarskap.