- Det er svært uheldig for borna på Bryggja, og bygda elles, at skulen vert lagd ned før ny struktur er på plass. Borna må i det høvet flyttast til ein ny skule innan Vågsøy for så å måtte flytte til annan skule i Stad etter berre 1 1/2 skuleår. For at borna i bygda skal unngå å ha ein mellombels situasjon, med skule på Skavøypoll eller Stårheim, så skipar bygda no ein friskule, seier styreleiar Solvieg Midtbø i det nyoppretta Bryggja skule AS i ei pressemelding.

Vågsøy kommune har gjort vedtak om å legge ned Bryggja Skule, med verknad frå skuleåret 2018. Departementet vedtok i desember 2017 at det vert føreteke grensejustering for Bryggja krins med verknad frå 1.1.2020. Bygda Bryggja skal ha grensejustering til nye Stad kommune, og ein har i lenger tid vore i dialog med Vågsøy kommune om å opprettehalde skulen i bygda, fram til ny struktur er på plass. Vågsøy kommune på si side, opprettheld vedtaket om å legge ned skulen.

Det er i inneverande skuleåret 43 elevar ved skulen. No vil bygda sikre at desse borna skal få sleppe ei mellombels løysing.

- For å gjere det mogleg for bygda Bryggja å ha skule for framtida, har lag og organisasjonar i bygda (Bryggja Pensjonistlag, Bryggja Sanitetsforeining og Bryggja Utviklingslag) skipa eit aksjeselskap: Bryggja Skule AS. Selskapet er formelt skipa og registrert i Føretaksregisteret, seier styreleiar Solveig Midtbø.

Sverre Solibakke er konstituert dagleg leiar i selskapet, og han er godt nøgd med at ein har stifta Bryggja Skule AS.

- No har bygdesamfunnet lagt til rette for at det kan drivast skule vidare på Bryggja. Arbeidet med å førebu ein friskule er allereie godt i gong og søknad er under utarbeiding. Søknaden vil innan kort tid bli sendt til Utdanningsdirektoratet, og seinast innan fristen den 1.2.2018, seier Solibakke.