Natt til tysdag braut ein person seg inn i ein matbutikk i Deknepollen i Vågsøy kommune.

Ein alarm i matbutikken gjorde at politiet vart varsla klokka 03.12. Politiet rykte raskt ut og då dei kom fram var fleire ruter i butikken knust.

Politiet pågreip etter kort tid ein mann i 20-åra. Han innrømde å ha brote seg inn i butikken og ha stole mindre mengder varer.

Marianne Føleide ved Vest Politidistrikt seier til Fjordenes Tidende at det er oppretta sak på forholdet.

Mannen i 20-åra var rusa.