Like før midnatt fekk brannvesenet melding om at det brann i 5-6 bildekk ved ferjekaia på Syvdsnes i Vanylven kommune.

Brannvesenet rykte ut og fekk sløkt brannen.

- Alt tyder på at brannen i dekka er tent på, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politikammer, Inge Værøy til Fjordenes Tidende

Klokka 03.00 fekk politiet melding om at det brann igjen på same staden.

Brannvesenet rykte ut på ny for å sløkkje.

Politiet opplyser at det var ein del vind i området, og at det kan vere forklaringa på at brannen hadde blussa opp igjen.

Det var ikkje hus i området eller fare for at brannen skulle spreie seg.

Værøy seier lensmannskontoret i Vanylven vil bli informert om saka i dag, og så får dei vurdere kva som skal skje vidare, seier Værøy.