Bebuarar i Hola på Nordfjordeid kan bli næraste nabo til den planlagde Sea Walken. Dei meiner både heimane deira og saks-utgreiinga står på gyngande grunn.

– Alt tilseier at det blir auka belastning på området om vi får ein Sea Walk som næraste nabo. Det seier seg sjølv at 40 bussar og cruiseskip med store propellar som driv opp massane i sjøen vil påverke grunnen, seier Rita Nyland om planane.

Ho, Ernst Husevåg og Rune Husevåg eig kvar sitt hus i bustadområdet Hola, sør på Nordfjordeid. Dei siste åra har dei merka store forandringar i grunnen i området. Desse endringane har resultert i at husa deira sig, dører som vart sett inn for under eit år sidan tar no ned i golvet, husmurar sprekk og asfalten beveger seg og slår sprekkar.

Bevegelsar i grunnen

– Viss Sea Walken kjem, så kjem cruiseskipa inn og hektar seg i ei bøye i fronten, så skal dei heilt innom moloen for å feste seg i akterenden. Eigarsida for kaia seier at skipa må ligge med baugen utover, fordi det er verre for dei å buksere seg ut om dei skal bakke. Dette er store skip og det er klart at når dei skal ut fjorden etter å ha lege til kai, så må propellane køyrast for å få i gang att eit 300 meter langt skip. Desse propellane vil då kvervle opp sjøgrunnen og flytte massane. Det er dette geologar har åtvara mot tidlegare, seier Ernst Husevåg, og viser til då vegen mellom huset og sjøen vart bygd for 11–12 år sidan.

– Den dagen dei byrja å fylle kjendest det ut som eit jordskjelv kvar gong dei tømde eit nytt lass med stein. Husa her byrja å sige, og resultata frå målingar viste at huset seig ein til tre millimeter for kvar måling. Huset til svigerforeldra mine kom til slutt 12–13 centimeter ut av lodd, alt sprakk og det vart strekk i dei elektriske leidningane, så dei måtte flytte ut, fortel Husevåg.

Nyland flytta inn i huset ho no eig for fem år sidan, og visste lite om historia til området.

– I vår, medan vi pussa opp, såg vi at det var ein stor sprekk i muren på huset. På utsida såg det enno verre ut. Huset er om lag 100 år gamalt, og murane har vore fine i alle år. Huset har sokke fleire centimeter, og kommunen starta målingar i april, noko dei framleis jobbar med, seier Nyland, og fortset:

– Kommunen er vel informert om at det skjer ting her. Før vi har fått noko svar eller resultat frå målingane, får vi nabovarsel om bygging på prosjekt her når det framleis er bevegelsar i grunnen. Forstå det dei som kan.

Saknar fakta

Bebuarane reagerer på saksutgreiinga som vart gjort i forkant av at Eid vedtok å gå inn i Sea Walk Nordfjordeid AS med 3,2 millionar kroner.

– Saksutgreiinga likna ikkje grisen. Det var inga konsekvensutgreiing. Det som vart skrive, ganske flåsete, under overskrifta «miljø» var at klart desse cruiseskipa kan bli ganske ruvande i Nordfjordeid sentrum, men det i seg sjølv vil truleg kunne bli ein turistattraksjon for andre forbifarande. Kva med grunnforhold, trafikk og miljø? Det seier utgreiinga lite om, seier Nyland, som saman med Husevåg meiner kommunestyrerepresentantane eller teknisk- og samfunnsutvalet burde ha sett seg om i området.

– Det er grunnforhold her som seier at ein kanskje røskar med seg heile Almenningen og meir til ut på fjorden. Men koste kva det koste vil skal det gjennomførast. Viss dei gir ein dispensasjon, er dei på kant med plan- og bygningslova. Då må dei lage ein ny reguleringsplan, som må ut på høyring. Fram til no har vi ikkje blitt høyrt i denne saka, seier dei.

Vil vurdere plangrunnlaget

Eid kommune skal sjå på plangrunnlaget for området i saksutgreiinga til den politiske saka.

Ei av tilbakemeldingane frå Eid kommune til Nordplan AS, som står som søkjar for Sea Walk-prosjektet, er at det må gjerast greie for at tiltaket er prosjektert og skal utførast slik at tilstrekkeleg tryggleik mot skade eller vesentleg ulempe frå naturpåkjenningar (til dømes ekstremvêr) vert sikra.

Det må òg gjerast greie for at tiltaket er prosjektert og skal utførast slik at byggverk, byggegrunn og tilstøytande terreng ikkje vert utsett for skade eller vesentleg ulempe.

– I søknaden som er sendt kommunen er dette vurdert i Norconsult sin rapport. Vi skal sjå nærare på dette spørsmålet ved handsaming av saka, seier Kristine Dahl, plan- og utviklingssjef i Eid kommune.

Når det kjem til forholdet til plangrunnlag, i spørsmålet om ein treng ein ny reguleringsplan, så vil dei, ifølgje Dahl, også vurdere dette i saksutgreiinga til den politiske saka.

Kommunen har målt bevegelsane i området sidan april, men har enno ikkje nok seriar til å sjå utvikling.

– Vi forventar snarleg nye resultat, men antar vidare bevegelse som oppmålingar frå prosjektet med vegforlenging viste, seier Tore Nyhammer Taklo, driftssjef i kommunen.

Forstår ikkje pengebruken

Rita Nyland og Ernst Husevåg stiller seg bak Ståle Sandal, som i Fjordenes Tidende tysdag reagerte på pengebruken i Eid kommune.

– Kommunen ser seg ikkje råda til dei eldre, med omsyn til ventilasjonsanlegg som dei har venta på i mange år. Det er denne generasjonen som har gjort at vi har det så godt i dag. Vedlikehald av kunstgrasbana blir heller ikkje prioritert. Denne er brukt av hundrevis av ungar, men no er det så knallhardt dekke på bana at ungane øydelegg føtene sine ved å vere der, seier Nyland og Husevåg oppgitt, og legg til:

– Men finn pengar gjer dei når næringslivsaktørar bankar på døra og ber om støtte.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, forklarte i saka om kommunen sin pengebruk at det er naudsynt med kommunale investeringar for å få private aktørar på bana, og at desse investeringane er investeringar til inntektserverving.