Både Vågsøy og Nordfjord er nemnt når den britiske avisa The Telegraph argumenterar for kvifor Norge er det finaste landet i Europa.

Avisa har laga ei liste med 19 spektakulære bilete frå Norges landstrakte land, og både Kannesteinen og Nordfjorden er avbilda.

- Få land i verda kan skilte med så mange ulike og dramatiske landskap som Norge. Her er 19 av dei flottaste stadane ein bør ta turen innom når ein besøker landet, skriv den britiske avisa.

Under bilete av Kannesteinen skriv The Telepraph følgjande:

- Vågsøy er ei øy der ein kan besøke tre nydelige fyrlykter, Hendanes, Kråkenes og Skognsnes - og ein merkeleg stein. Øya ligg nær Stadlandet som er ein av verdas kaldaste surfestadar.

Ved bilete merka med Nordfjorden har avisa laga denne teksten:

- Midt mellom Bergen og Trondheim. Nordfjord sine høgdepunkt inkluderar Jostedalsbreen, Briksdalsbreen og Lodalen.

Blant dei andre stadane som er nemnt på lista finn ein Hornindalsvatnet, Ålesund, Geirangerfjorden, Trolltunga, Lofoten og Svalbard.