Selje kommune blir meldt inn i Robek fordi planen for inndekning av underskotet frå 2012 ikkje vart følgt opp, og kommunen må bruke meir enn to år til å dekkje underskota frå 2012 og 2013. Det bekrefter Fylkesmannen torsdag ettermiddag.

Kommunen hadde eit meirforbruk (underskot) i 2012 på 4,3 mill. kroner, som etter planen skulle dekkast inn med 0,5 mill. kroner i 2013 og 3,8 millioner kroner i 2014. Ettersom kommunen også fekk eit meirforbruk i 2013 (6,2 millioner), vart ikkje planen for inndekning følgt opp. Kommunen har etter dette eit akkumulert meirforbruk på 10,6 millioner kroner. I handsaming av rekneskapen for 2013 har kommunestyret vedteke å dekke meirforbruket for 2012 innan 2016, og meirforbruket i 2013 innan 2017.

Fylkesmannen skal etter dette føre kontroll og godkjenne budsjett, økonomiplan og låneopptak i kommunen.