Førarane av dei bilane som frontkolliderte ved Slagnes i Vanylven er sendt til Ålesund med luftambulanse.

Politiet fekk melding om bilulykka med tre bilar involverte klokka 14.16 og alle naudetatar rykte ut.

- Ein bil skulle svinge av til venstre, og blei påkøyrd bakfrå. Bilen blei så skubba over i motsett køyrebane og får ein frontkollisjon med møtande bil, opplyser Sogn og Fjordane politidistrikt.

Førarane av dei to bilane som frontkolliderte blir frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse.

Politiet veit ikkje noko om skadeomfanget til nokon av dei fem personane involvert i ulykka.

Vegen er opna for dirigering i eitt felt.