Redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge, beklagar på leiarplass at dødsannonsen om legekontoret på Stadlandet vart publisert.

Dette er leiaren som blir publisert i tysdagsavisa:

"Det er fleire som har reagert på ei dødsannonse som Fjordenes Tidende publiserte fredag. Dan var laga og sendt inn av interimsstyret som arbeider for å berge legekontoret på Stadlandet.

Eg beklagar at denne annonsen vart publisert.

Det kunne lesast som at det var bygdefolk og næringsliv på Stad som stod bak dette. Vi er kontakta av fleire næringsdrivande og bygdefolk som tek avstand frå annonsen. Dei meiner det var respektlaust og opplevde det krenkande. Vi i Fjordenes Tidende er leie oss for at vi publiserte den og ber om orsaking til alle som vart kopla med den og som ikkje hadde noko med den å gjere.

Legekontoret på Stadlandet har vore ei aktuell sak i Fjordenes Tidende sine spaltar i fleire år. Det er mange som vil at det skal vere eit legekontor nord i Selje kommune. Mange meiner det er langt å reise til Selje når dei skal til lege. Difor har engasjementet i denne saka vore stort. Mange har ytra seg i denne saka.

Selje kommune har ein vanskeleg økonomi. Dei må gjere strenge prioriteringar. Dei må bruke kronene smart for å kunne utføre dei oppgåvene dei er pålagde. Og dei må gjere sitt beste for å gje alle i heile Selje kommune så gode tenester som råd er innanfor rammene dei har. Det er ikkje enkelt.

Interimsstyret som stod bak denne annonsen sa dei ikkje var ute etter å krenke enkeltpersonar. Dette var gjort for å skape merksemd rundt saka. Eg håpar alle som har reagert på denne dødsannonsen aksepterer denne orsakinga."