Då forhandlingsutvalet i Flora onsdag valde å tilby Vågsøy å dele kommunesenteret mellom Måløy og Florø, sikra det fleirtal for ei samanslåing i Vågsøy kommunestyre. I den opprinnelege intensjonsavtala, som Flora bystyre sa ja til 21. mars, var Florø kommunesenter.

Bystyremedlem Bente Nilsen (SV) i Flora, som stemte mot ei samanslåing med Vågsøy, har sendt oss følgjande e-post etter avgjerdsla i Vågsøy torsdag:

Etter bystyremøte i Flora opphørte forhandlingsutvalet som hadde jobba fram ei intensjonsavtale.

I fleire media i dag (torsdag), har eg sett at fire representantar i Flora bystyre endra denne avtalen utan å involvere eller informere bystyremedlemmene. Det betyr at Vågsøy kommunestyre har fatta sitt vedtak i dag, på feil grunnlag.

Som gruppeleiar, formannskapsmedlem og bystyrerepresentant er eg utruleg skuffa over at fire representantar går ut over sine mandat som får så store konsekvensar, som vedtaket i Vågsøy kommunestyre i dag.

På mandag er vi kalla inn til eit ekstraordinært bystyremøte for å vedta endringane som desse fire enkeltrepresentantane har brukt i forhandlingar med Vågsøy Høgre i går, etter at pressemeldinga vart sendt ut.

Eg har aldri vore med på ei så udemokratisk avgjerd før, med 15 år som folkevald.

Mi oppfordring til Vågsøy kommunestyre er å kalle inn til eit nytt kommunestyre, der dei gjer eit nytt vedtak på riktig grunnlag, med ei intensjonsavtale som er vedteke i Flora bystyre som grunnlag. (e-post slutt)

Forhandlingsutvalet i Flora består av ordførar Ola Teigen (Ap), varaordførar Jan Henrik Nygård (V), Jacob Nødseth (Samlingslista) og Hanne Kristensen (H) i tillegg til rådmann Terje Heggheim. Partia Frp, KrF, MDG, Sp og SV som alle har ein representant kvar i bystyret er ikkje representert.