Slutt? Vestkapphuset var rasert etter Dagmar. Eigar Oddgeir Kvernevik trur huset må rivast. (Foto: privat)
Oddgeir Kvernevik

Eigaren av Vestkapphuset på Vestkapp, Oddgeir Kvernevik, veit framleis ikkje kva som vert utfallet etter romjulsorkanen sine herjingar for vel eit år sidan.

– Det er greitt å ha forsikring i forkant, men det blir litt vanskelegare den dagen noko skjer, seier Kvernevik.

Oppgjeret etter raseringa av Vestkapphuset er enno ikkje ferdig og Kvernevik trur vi må ut i mai før det i det heile vert bestemt noko som helst om huset og framtida til dette.

Sjølv trur han at heile kafeen og andre etasje i dette spesielle signalbygget på pynten av Vestkapp må rivast.

– Slik eg ser det kan det vere at vi kan behalde kiosken, men om vi greier å opne denne til ferien i år er meir enn tvilsamt. Vi kan ikkje risikere at eit laust tak og andre lause ting kjem flygande når vi har open kiosk, seier Kvernevik.

Oddgeir Kvernevik fortel om eit tak som «ligg laust» oppe på muren og at dette har ført til at kafédelen av bygget har fått til dels store fuktskadar.

Entreprenøren frå Kvernevika i Selje kommune fortel at han har meir enn nok å styre med i eige selskap og at han derfor ikkje kjem til å satse så mykje på Vestkapp som det som ein gong var planen han sjølv og familien hadde.

Kvernevik fortel at han no i 10- 12 år har venta på svar frå Selje kommune om å få meir areal på platået, men at ingen ting skjer.

Oddgeir Kvernevik har framleis tru på at Vestkapp har eit stort potensial, men andre må ta det ut.

– Vi hadde ferdig ein avtale med nye drivarar hausten 2011. Bordet var dekka til sesongen 2012. Så kom Dagmar og blåste vekk det heile, seier Oddgeir Kvernevik.

Heile saka står i papirutgåva måndag 18. januar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.