Fredagskveld rodde Ragnar Thorseth frå Fosnavåg. Etter å ha runda Stad la han mandag føremiddag til kai i Måløy.

- Det vart ikkje så altfor fælt vêr rundt Stad, men det er aldri noko spøk å ro rundt der, seier han sjølv.

Thorseth hadde eit stopp i Honningsvåg søndag, og sette kursen mot Måløy søndagskveld. Ti timar seinare var han komen til Raudeberg der han tok seg ein velfortent kvil.

- Eg fekk sov kanskje ein time, men så vakna eg av at eg fraus. Då var det berre å kome seg vidare.

Etter ein roleg rotur frå Raudeberg la han til kai ved gjestehamna i Måløy til stor glede for dei som hadde møtt opp for å ta imot han.

- På den to timar lange turen frå Raudeberg til Måløy var det tre gongar sol, fire gongar regn og konstant vind, fortel Thorseth, som framleis er ved godt mot når det kjem til kryssinga av Nordsjøen.

Tirsdag stiller han opp i kantina på Domstein for å fortelje om den komande turen.

- Eg kjem også til å fortelje om tida eg budde i Måløy, den første roturen til Shetland og andre ekspedisjonar, fortel Thorseth, og legg til at han håper at folk har lyst til å høyre på.