– Eg har full forståing for den frustrasjonen som er der ute no. Å starte på eit slikt tidspunkt at ein øydelegg heile hummarsesongen er ikkje akseptabelt. For meg verkar det som dei gjer det på rein faenskap, seier den frittalande Frp-politikaren.

FMV Biopolymer har forklart at dei såg seg nøydde til å å velge det store feltet i Bremangerpollen fordi dei trengte mykje råstoff raskt til fabrikken.

Eit dilemma

Dalsbotten er sjølv frå området ved Dalevatnet i Ytre Bremanger og har ikkje fiskeri i familien, men ho har fleire kjenningar som driv hobbyfiske, og er godt kjent med problematikken rundt taretrålinga.

– Eg veit at mange gler seg til hummarsesongen. Dei følger reglane og ventar til dei har lov til å begynne. Då blir dette eit slag i trynet. Kvifor skal dei bry seg med å halde sin del av avtalen når det berre kjem nokon og raskar med seg alt?

– Men taretrålingsbransjen driv heilt lovleg her. Dei følger jo også reglane.

– Det er eg fullt klar over og det er eit dilemma. Men kva hjelper det bygdefolket som er lovlydige og gjer det dei kan for å halde oppe ein bestand, og så blir det øydelagt slik.

Tar saka vidare

Dalsbotten seier dette er ei sak ho vil følge opp, og ta vidare i det politiske systemet.

– Eg har allereie sendt saka vidare i partiet, seier ho.

Slik Dalsbotten ser det er denne sesongen tapt, men for ho er det viktig å få denne saka på agendaen før neste hausteperiode i Bremangerpollen.

– Det er ikkje noko vi kan gjere med denne sesongen, men vi skal få sett på saka så vi kanskje kan unngå dette ved neste korsveg.

Ho medgir at Frp generelt er positive til næringsverksemd.

– Men nokre gonger er det fleire omsyn å ta, og her er det veldig konfliktfylt, seier Dalsbotten, og legg til:

– Personleg er eg for freding av heile Bremangerpollen.

No signaliserer ho at partiet vil sjå på denne saka med fokus på berekraftsmåla i samfunnet.

– Vi må få på plass eit regelverk for denne verksemda som folk kan få respekt for, og som gjer at deira innsats ikkje kjennest forgjeves.