Ane Barmen er skodespelar og frilans skribent. Ho bur i Oslo, men kjem frå Vågsvåg. Ho hadde denne kommentaren på trykk i papiravisa fredag 24. juni:

Farvel, Sommarkropp

Kan vi gjere ein avtale? Kan vi droppe bikinisesongen i år? Eller i det minste bli einige om at vi droppar SK16 (Sommarkroppen 2016)? Kvart einaste år skjer det. Eg kjem liksom til meg sjølv igjen sånn uti mai ein gong, då det har byrja å bli såpass varmt at ein kan sitje ute og blotte sine blåbleike, hårete vinterleggar og drøyme om sommaren. Då slår det ned i meg, som eit lynnedslag: SK16. Eg gløymde det. No igjen.

Eg gløymer sommarkroppen heile tida, året rundt. Eller, «fortrenger» er vel eit rettare ord. For etter å ha levd ei stund har eg sjølvsagt innsett at det ikkje nyttar å byrje å jobbe med sommarkroppen dagen før du planlegg å fare på stranda. Det blir som å gå til tannlegen og bruke tanntråd berre rett før timen: Tannlegen gjennomskodar at du aldri hugsar å bruke tanntråd elles. Og sommarkroppen må førebuast lenge, lenge, lenge før sommaren, helst gjennom heile året. Men hallo, kven orkar det, då?

Og det er ikkje berre sjokolade og raudvin som får bein å gå på heime hos meg. På vinteren er det einaste eg orkar å gjere å ete og hygge meg. Fordi det er så utriveleg ute vil eg berre lage herlege gryterettar, varme lapskausar og fløytegratinert torsk og potetstappe og bacalao og fiskebollar og biff og alt som er deilig. Eg vil sitje lenge ved bordet saman med folk eg likar, ete og kose meg utan å tenke på den idiotiske sommarkroppen. Kva skal eg med ein sommarkropp i januar? «Det tenker eg på i morgon», tenker eg, og forsyner meg ein gong til.

Men kan vi ikkje bli einige om at vi berre drit i den derre sommarkroppen? For eg har innsett at eg eigentleg heller vil ete enn å vere så utruleg hot i bikini. Faktisk droppar eg bikinien heilt. I år har eg kjøpt meg ei badedrakt i staden. Bli med, då? Så er ikkje eg den einaste? SK16 kan ta seg ein bolle. Og det skal eg også gjere.