Det har vore ein heilt spesiell sommar og haust for meg og mannen i år. Vi har blitt gravide. Forma er bra, eg kosar meg med den veksande magen og er så nøgd om dagen at eg knapt saknar raudvinen. Det er berre eitt problem (bortsett frå at eg etter kvart må føde, då, men det fortrenger eg inntil vidare): Ingen fortalde meg kor dum ein blir som gravid.

Kroppen min er tydelegvis så oppslukt av å lage ein ny person at ho som er vertskap får sigle sin eigen sjø. Eg er blitt så gløymsk at det er urovekkande, eg kan bli rasande av dei minste ting, men framfor alt er eg berre heilt utruleg uintelligent. Eg har slutta å forstå vitsar. Eg brukar dagevis på å forstå dei enklaste humoristiske poeng. Eg prøver stadig vekk å ta rulletrapper som går motsett veg av dit eg skal, og byrjar å grine når eg hamnar i feil etasje. Eg gløymer att alt eg står og går i når eg er på besøk.

Så las eg bloggen til Fotballfrue. Ho hadde arrangert utdrikkingslag for ei venninne, og på veggen hadde ho hengt opp ein girlander med gullbokstavar, der eg blei støytt og rasande av å lese: «Samepenis forever», i tillegg med ein stygg orddelingsfeil mellom «same» og «penis». «Ikkje berre er Fotballfrue samehatar, ho kan pina det ikkje rettskrivingsreglane heller!», tenkte eg opprørt. Og den stakkars brura, her skulle ho tydelegvis gifte seg med ein samisk mann og blei utsett for denne grovt rasistiske (og grammatisk uriktige) hånen frå sin eigen forlovar! Herregud!

Det gode med dette er at eg ikkje ser så mørkt på det å føde som eg ser fram til å få denne ungen på utsida. Før det går heilt gale og eg politimelder uskuldige bloggarar for samehat og liknande. Eg treng seriøst å få hjernen min tilbake snart.