Norsk Bibliotekforening avdeling Sogn og Fjordane trur at flyktningstraumen kjem til å gje store utfordringar, og meiner at eit godt bibliotekstilbod er eit av dei viktigaste integreringstiltaka ein kan satse på.

– Språk er vegen til integrering, og biblioteket er ein viktig døropnar til norsk språk, kultur og samfunnsliv. Som møteplass i lokalsamfunnet kan biblioteket byggje ned barrierar, fordi det er gratis, og fordi det er ope for alle, skriv foreininga i ei pressemelding.

Les også:

Dei poengterer at biblioteka er viktige møteplassar som tilbyr eit mangfald av arrangement, og viser til at mellom anna Vågsøy satsar på eit nytt og moderne bibliotek.

– Alle bibliotek som vert rusta opp dreg den same konklusjonen: Betre bibliotek fører til auka besøkstal og har mange positive ringverknader.