Line Dybedal frå Selje slepp i dag albumet «Til kjærleiken». Ei plate ho har jobba med i seks år.

– Den fyrste songen til albumet skreiv eg i 2010, og eg er veldig stolt over at eg har klart å lage eit album heilt sjølv. No er det lydfesta for evig og alltid, seier Dybedal og legg til:

Elekropop-albumet inneheld ni songar, alle på norsk, og artisten tykkjer det er vanskeleg å trekke fram ein favoritt.

– Eg har ei låt som skil seg veldig frå dei andre. Den er heilt nedpå og det er nesten berre piano og eg som syng. Dermed blir det ein veldig naken låt, når ein høyre på den er det teksten som står fram, seier Dybedal om songen «Valget».

– Han har alltid hatt tru på meg. Han flytta saman med meg til Bergen då eg ville satse på musikken og han støttar meg kvar einaste dag, fortel Dybedal.