Låtmateriale som har tatt minst 20 år å fullføre, ein trommeslagar i manko og ei bandmaskin som streika. No er albumet endeleg ferdig.

14. januar slepp bandet Lothe albumet Kjærleik & hat. Vegen dit var både kronglete og lang.

Med konsert i Kjølsdalen

Innspelinga til plata Kjærleik & hat gjekk føre seg på gamlemåte.

– Live i studio, rett inn på tape. Kun analogt utstyr. Og slikt utstyr er skjørt og upåliteleg, fortel Odd-Erik.

Bandmaskina streika nemleg halvvegs. Men neste dag fekk dei tak i ei ny. Verre var det at dei stod utan trommeslagar då innspelinga starta. Han måtte ta seg av ei akutt sjuk kone.

– To nye trommeslagarar måtte hyrast inn på berre timars varsel, fortel vokalisten som skryt av vikarane.

Det var fire hektiske dagar med innspeling i juni. 18. desember var plata heilt ferdig. I tillegg til å gi ut plata, planlegg dei å også gi ut ei vinylutgåve i løpet av våren. 16. januar spelar dei i Kjølsdalen Samfunnshus, der Stårheim songlag deltek.

Kjærleik på godt og vondt

Sidan Odd-Erik var 4–5 år, har han vore fortapt i musikk. Han byrja å lære gitar med Lillebjørns gitarbok, men oppdaga fort gleda av å komponere sjølv. No kombinerer han læraryrket i Oslo med musikken.

– Det gjer at eg ikkje treng å gjere andre spelejobbar enn dei eg kan stå inne for til ei kvar tid, fortel han.

Artisten sjølv fortel at den komande plata handlar om kjærleiken, på godt og vondt, og ulike sjangrar møtast.

– Bunde saman av tekstar som omhandlar kjærleikens mange ansikt. I tillegg til den komande plata med Lothe, har han gitt ut fem utgivingar med Fabel, to med Green Granadas og to med Lothe tidlegare. I mars kjem det eit nytt album, Hopp, Karoline! med Krom, som er ei rockabillyplate på norsk.