Boka handlar om ti år gamle Frank som ein heilt vanleg dag vinn i Lotto, saman med mor. Og då blir sjølvsagt ingen dag vanleg igjen.

Ifølge Cappelen Damm er Snillionen ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske.

Kolerud er opphavleg frå Isfjorden i Møre og Romsdal, men bur no på Flatraket. Han har vore spaltist i Fjordenes Tidende dei siste tre åra.

Forfattaren debuterte i 1996, og har fått ein rekke prisar for bøkene sine. Han har blant anna fått Kulturdepartementets debutantpris (1996), Nynorsk barnelitteraturpris (1996 og 2004) og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris (2004).