– Det blir mange folk i salen. Eg har med ein kjempestor heiagjeng. Foreldre, tanter, onklar, søskenbarn, tremenningar og vener frå Måløy kjem, og så kjem tanta mi frå Spania. Ho har vore på nesten alle framføringane mine i The Voice. Ho har kome opp og vore her ein dag, smiler Andrea.

I dei etterfølgande to rundane har mentor, Yosef, valt å ta med seg Andrea heile vegen til livesendingane.

– Det har vore hard konkurranse. Dei to eg song mot i duell og knockout-runde vart stelt av dei andre mentorane og er også med til live.

Meir glede enn nervøsitet

Fredag kveld står Andrea på scena under den første direktesendinga. Kva song ho skal framføre kan ho ikkje avsløre, men ho lovar noko rocka og up-tempo.

Håpar å gå vidare

Sidan søndag har måløyværingen hatt tilhald i hovudstaden. Dagane har gått med til øving og møter med mentor.

– Det er travle dagar med lydprøver og kostymeprøver. Det er veldig hektisk, men kjekt. På møta med mentor er tilbakemeldingane at eg ikkje må vere redd for å ha det kjekt og slappe av. Han seier at vokalt sett er det ikkje noko å tenke på, men at eg må smile og vise at eg har det kjekt.

Tilbakemeldingane frå vener og kjente lar heller ikkje vente på seg.

Premien i programmet er ei platekontrakt.

– Eg tar ein ting av gangen. Eg har veldig lyst til å gå vidare, men eg har ikkje latt tanken gå til hovudet på meg, slår måløyværingen fast.