Jul er tradisjon og gleda over at det same skjer år etter år er ein del av adventstida. Som så ofte før let folk i Svelgen førebuingane ligge og møtte mannsterke opp i kapellet laurdag. Skulemusikken og songlaget hadde friska opp songar og melodiar dei har sunge og spelt fleirfaldige gongar før – og plussa på med noko nytt.

Tok over rollene

Linn Sande Igland ynskte velkomen og fortalde at kveldens konferansier, dirigent og solist Grethe Berntzen, var blitt forhindra frå å delta. Publikum merka at det ikkje var noko krisestemning på podiet – trass alt. Det skuldast at Linn Sande Igland hadde teke over alle rollene – på strak arm.

Søskena Hanna (10) og Alexander (12) Ossenkamp spelar begge i Svelgen skulemusikk, men hadde fått solistoppdrag under julekonserten. Dei hadde flott framføring av Hark! The Herold Angels Sing før dei sette seg blant dei andre med kornett i korpset. Dei spelte Julenatt og Glade Jul til stor applaus. Ein eigen kvintett var også sett saman for denne konserten til glede for dei frammøtte.

Yngste musikar

Line Kjøsnes og Eirik Ask hadde også soloframføring på flygelhorn og piano. Kyrkjerommet vart fylt med dei vare akustiske tonane frå Mitt hjerte alltid vanker. Line Kjøsnes er veteran i skulemusikken og hjelper dirigent Fay Løvseth med eitt og hitt. På konserten bidrog ho med ein ekstra musikant. Dottera Iselin, på berre sju år, er den yngste som nokosinne har fått spele på julekonserten i skulemusikken – og ho klarte det med glans.