– Ung kultur møtest (UKM) er ein av dei første plassane ungar og ungdom får stå på ei scene, og det er viktig for oss å gje dei ein best mogleg følelse, seier dagleg leiar Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen.

– Det har fungert veldig bra. UKM er ein arena der vi ønsker å bruke ungdomen både på og bak scena. Det er ikkje alle som vil synge eller spele, nokre vil hjelpe til med lyd eller lys og før sjølvsagt lov til det. Vi hadde med oss nokre i fjor, og dei har allereie sagt at dei vil vere med i år også, fortel Silden Totland.

Nasjonalt og lokalt

Lokalt blir det også når Måløy Musikklag inviterer til The Late Night Show 10. mars. Der blir det sju lokale solistar og tradisjonen tru middag, underhaldning og dans.

– Billettsalet er godt i gang, så folk må sikre seg plassar, smiler Silden Totland.

– Alnæs skal fronte gitaren sin historie på denne konserten. På plassane han besøker spør han etter lokale gitaristar. Eg spurde Arne Andal om han ville vere med, og det ville han gjerne. Så det blir veldig kjekt, seier Silden Totland.

– Alltid ein suksess

Det skal ikkje mangle på ting å le av i Nordfjordhallen denne våren. Allereie 3. mars kjem Honningsvågrevyen tilbake.

– Dei markerer sitt 20-årsjubileum med eit best of-show. Dette trur eg blir veldig bra, og vi skal ha litt ekstra fokus på kos i salen med servering, forklarar Silden Totland.

Om lag ein månad seinare, 7. april kjem Terje Sporsem med showet Religion.

– Dette er nok eit av dei beste standup showa som går i Norge i dag. Stand-up er alltid ein suksess hos oss. Det slår an hos kystfolket, seier Silden Totland, og fortset:

– Vi prøver å ha breidde i programmet. Det er viktig å ha noko for unge, samt å dekke litt ulike sjangrar. Vi har ikkje klart å få ei barneførestilling på våren, men det håpar vi å få til i haust.

Eit show er allereie booka inn for hausten 2018. Dette er Fortunate Sons med Creedence Storynight 22. september.

– Det er eg heilt sikker på blir ein veldig bra konsert, slår Silden Totland fast.