Han er leiar for Måløy Musikklag som kvart år arrangerer den tradisjonsrike Nissefesten. Søndag var det duka for nummer 68 i rekka, og nok ein gong trekte dei fullt hus.

Han trur det gode frammøtet heng saman med at Nissefesten for mange har blitt ein viktig tradisjon i førjulstida.

– Når ein har drive med dette så lenge er det klart at det betyr noko for folk etter kvart, smiler han.

Og Sigrid, Lydia, Hedda, Sofia og Mathias er i alle fall einige. Dei meiner ein er nøydd på nissefest for å få skikkeleg julestemning.

Vil vere spontane på scena

Holvik legg ikkje skjul på at det er mykje som skal på plass, og synest derfor det er ekstra kjekt at så mange tek turen.

– Vi har litt utfordring med bemanning, og då blir det deretter. Men samtidig er det viktig for oss å få fram at vi ikkje skal vise fram profesjonelt skodespel. Vi gjer det enkelt, og øver ikkje så veldig mykje, smiler leiaren og legg til at det spontane er ein viktig del av framsyninga.

– Vi har jo «maske» på oss på scena og tør å finne på litt meir sprell. Vegen blir til mens vi går, forklarar Holvik.

Han påpeiker at det er viktig å formidle ei stemning, og fortel at dei som oftast legg gamle folkeeventyr og julekalendarar til grunn.

– Det er viktig å formidle gode verdiar, slik som ein ofte finn i eldre forteljingar. I tillegg må vi jo ha med noko som er populært i dag, og slik prøver vi å treffe så mange som mogleg, seier Holvik.

Tradisjonen tru fekk ein også i år sjå både kjende, kjære og nyare skikkelsar på scena. Årets historie handla om Askeladden som skulle overtyde søskena sine om at nissen er ekte, men aller best stemning i salen var det då Marcus og Martinus entra scena.

– Det beste med Nissefest er å sjå skodespelet, og i år gler vi oss til Marcus og Martinus, sa ein venninnegjeng i pausen under Nissefesten.

I tillegg var både Kaptein Sabeltann, Elsa og Olaf frå Frost, Bjørnen i det blå huset, Askepott, nissar, troll og spøkelse å sjå på scena i løpet av showet.

– Eg trur noko av suksessen er at ein kjenner dei som opptrer, då blir det jo med ein gong litt festleg, avsluttar Holvik.