Onsdag var 3 STA på Måløy vidaregåande skule dei første elevane som fekk ei omvising i Måløyraidsenteret.

– Det var ei glede at dei kom. Vi har heile vegen tenkt i dei baner at skulen skal bruke senteret som ein læringsplass. Det passar jo rett inn i pensumet om andre verdskrigen, seier Sølvberg, som er ein av initiativtakarane til senteret saman med Helge Hjelle.

Vil satse på skulane

Trass i at Måløyraidsenteret ikkje er ferdig tok Sølvberg, ved hjelp av historia, elevane med på ei reise frå krigsutbrotet fram til nazismen sitt fall.

– Historie er eit fag som gir kunnskap om fasiten for både land og folk.

Stiftinga Måløyraidsenteret ønskjer å satse på slike opplegg for skuleklasser i vår- og haustsemesteret.

Nyttar lokale ressursar

29 elevar frå studieførebuande ved Måløy vidaregåande var med på omvisinga, som var ein del av historiefaget.

– Det er viktig å dra nytte av ressursane vi har lokalt. Det er også kjekt for elevane å kome seg ut av klasserommet å lære på andre måtar, seier lærar Erik Gotteberg Eide.

– Elevane fekk eit flott føredrag med Terje Sølvberg. Han fortalde om andre verdskrig generelt og Måløyraidet spesielt. Det blir eit flott senter, og sjølv om det var veldig uferdig så var det viktigaste på plass, nemleg Terje med sin kunnskap og formidlingsevne, fortel lærar Erik Gotteberg Eide.