37 istandsetjingsprosjekt i Sogn og Fjordane har fått til saman 5,4 millionar kroner frå Kulturminnefondet.

Fondet har fordelt tilskot til istandsetjingsprosjekt over heile landet.

Totalt fekk fondet inn nesten 800 søknadar, med eit samla søknadsbeløp på nærare 250 millionar kroner.

Tilsegnsramma var på 68 millionar kroner, og kulturminnefondet løyvde tilskot til 430 prosjekt. Det syner at behovet for istandsetjing og opprusting av kulturminne i Noreg er stort i forhold til kva midlar som er avsett, fortel Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Blant anna får desse støtte i 2015:

  • Liseth (vindauga) i Bremanger får 35.000 kroner.

  • Gamlestova på Haus i Eid vart tildelt 180.000 kroner.

  • Embetshus Skårhaug (vindauga) i Eid får 300.000 kroner.

  • Internat på Holmøy Utigard i Eid får 316.000 kroner.